Norwegian village
Norwegian village er basert på same idé som Eurovillage på regionale og internasjonale sesjonar. Hovudføremålet er at kvar skuledelegasjon skal få høve til å presentere sin skule og heimstad for dei andre deltakarane, og på denne måten synleggjere kulturelt mangfald.
Noreg er eit langstrakt land, og vi har mykje lokalkultur, tradisjonar og skikkar å på by og som bør visast fram for ein annan.
Norwegian village vil også gje dei internasjonale deltakarane eit breiare og meir balansert bilete og innsyn i kva Noreg har å by på og kva som er ”typisk norsk” i både generell og spesifikk forstand.
Norwegian village vil vere med på å forsterke eigenverdien av nasjonalsesjonen. Det vert på den eine sida ei unik og annleis mogelegheit til å presentere seg sjølv og sin heimstad for elevar og lærarar. Og på den andre sida vil ein kunne oppdage nye sider og kulturelle aspekt i Noreg.
Dessutan vil det vere eit sosialt kveldsarrangert for alle og einkvar der ein vil få høve til å ”mingle” og snakke med både elevar, lærarar og alumni, i og med det heile tida vil verte sirkulasjon mellom standane for å sjå og smake på det dei andre har å vise og byde fram. Norwegian village er, som resten av sesjonen, eit alkoholfritt arrangement, så det er ikkje lov til å medbringe lokale spesialitetar som inneheld alkohol.
Kvar skuledelegasjon vil ha eit lite bord til disposisjon, der ein får dekkje opp med det som ein har teke med seg. Vi skal gjere vårt beste for at det er nok veggplass til å henge opp plakatar, poster, flagg og anna infomateriale. Vi kan ikkje love straumtilgong, og det vil heller ikkje vere tilgong på projektor, overhead, internett, tv eller berbare pc-ar. Hyttene som elevane bur i er utstyrte med vanleg kjøkkenutstyr. Vi oppmodar delegasjonane til å ta med sjølve det av bestikk, fat og koppar som ein treng til presentasjonen.
Vi ønskjer å presisere at dette ikkje er nokon konkurranse om å vere best, og Norwegian village vert ikkje vurdert av juryen når dei vel ut skular som får reise ut på internasjonale sesjonar. Norwegian village er fullt og heilt eit kulturelt og sosialt opplegg, utan nokon form for evaluering av presentasjonar og delegatane.
Ein stand kan til dømes innehalde:
- infomateriale frå regionen
- kommune/ fylkesvåpen
- flyers og brosjyrar
- plakatpresentasjon av bygd/by, fylke/kommune, skule/klasse
- mat (kjøt, fisk, brødmat etc), godteri, frukt, drikke
- nasjonal, regional eller lokal klesdrakt
Vi oppfordrar til fantasi og kreativitet, og alternative tolkingar av kva som kan framvisast.
Og ønskjer dykk til lukke med førebuingane.






